
OM VENLEIK
/ve:nlæik/ - det å vere vakker, skjønnheit; nokon eller noko som er vakker(t)
Venleik AS er eit resultat av fleire år med draumar, tankar, val og avgjerdsler. Tilbake i 2017 fant eg ut at det å starta noko eige er det eg vil gjera. På den tida hadde eg nettopp byrja på ein 3 årig utdanning i Bergen, og eg kjende at eg var inne på rett spor. Eg bestemte meg for å fullføra utdanninga og deretter flytta heim til sogn. Planen var å skaffa seg ein fast jobb før eg kunne starta prosjektet, men det gjekk ikkje heilt slikt som eg hadde tenkt.
Det var eit skifte i min eigen livssituasjon som fekk meg til å ta steget - starta mi eiga bedrift. Kort tid etter vart Venleik AS eit faktum. Ordet venleik betyr skjønnheit, og det er etter mi meining det vakraste ordet på nynorsk. Tanken om ein butikk over nett har alltid vore der, då det kan gjerast frå bygda i mitt hjarte, Årdal.
Eg vil laga ein nettbutikk med produkt som kan bidra til ei kjensle av luksus og velvære. Noko som pyntar opp og set noko ekstra på kvardagen, og ikkje minst - noko som kan gjer at me damer føler oss meir sjølvsikre og vakre. Me er alle unike og fantastiske på vår eigen måte! Venleik er nettbutikken for unge, vaksne, sterke, sjølvstendige og råe damer. Eg heiar på deg!
Takk til alle som let meg leve ut draumen min! It's gonna be a hell of a ride 🤍
Med venleg helsing
Dagleg leiar for Venleik AS
Katrine Nundal